Birøktar sidan 2018

Mads Hus, starta som birøktar i 2018, eg og dåverande kone byrja med to kuber. Etter den tida har biestyrken gått litt opp og ned. I 2022 innvintra eg 7 bikuber.

Logoen til Husbia er teikna av Vincent Deporter, som eg vart kjend med gjennom Raptus, teikneseriefestivalen i Bergen. Vincent er kjend frå fleire teikneseriar, som SpongeBob, Archie og Scooby-Doo.

Hausten 2022 overtok Husbia sjokoladeproduksjonen til Paul Evers. Evers er ein belgisk Chocolatier, som var inspirert av det ville, våte klimaet her vest. I sin sjokoladeproduksjon, Evers har i alle år fulgt dei same prinsippa, som Husbia. Det skal, så sant det er mogeleg bruka lokale råvarer.

Vår sjokolade kan innehalde norsk havsalt, tang, tare, eller honning. Hausta rett utanfor gatedøra di, i Vestland fylke. Vårt hovudprodukt er 70% mørk sjokolade, rein kvalitet på 6 gram.

Med honning frå Husbia,

Så sørger du for pollinering av Vestland. Me vil med tida lage ei støtteordning for birøkten i Noreg. Men denne er ikkje heilt på plass.

Honning frå Husbia er Organisk

Honning er miljøvennleg

Rein norsk honning

Om du lurer på noko, send oss ei melding?

Kontakt oss

Bli med på vårt medlemsbrev

få tilbod og oppdateringar i epost!