Røsslynghonning
kr100,00 inkl. mva & Free Shipping
Free shipping on orders over $50!
- Satisfaction Guaranteed
- No Hassle Refunds
- Secure Payments
Beskrivelse
Røsslyngen er Noreg sin nasjonalblom, den gir honning med ein kraftig smak. Her til lands, så er denne honningen det ein tenkjer på når det vert snakka om honning. Den er vanleg her, men nedover i Europa så vert den sett på som svært eksklusiv og sjeldan vare. Dei fleste har berre høyrt om at den eksisterte før i tida.
I store deler av Skandinavia vert det hausta lynghonning av røsslyngen, dette er ei svært viktig plante for biene. Dei får ein skikkeleg vitamininnsprøyting av denne planta, før vinteren set inn for fullt. Den veks i skrinn og sur jord, og er ei viktig matkjelde for hjortedyr, sau, villsau og rype.
Førestavinga i røsslyng kjem av det gammalnorske ordet «Hross», som tyder hest. Ein trur dette er eit teikn på at dei i eldre tider brukte denne planta som hestefor.
I folkemedisinen vart greinspissane av røsslyngen brukt som blodreinsande og urindrivande middel. Den var og brukt mot gikt.
For meir informasjon om lagring av honning, sjå her….
Rabattkode: LeveringSandslihaugen, eller LeveringLoddefjord tek bort fraktkostnad. Personleg overlevering.
Tilleggsinformasjon
Vekt | 250 g |
---|---|
Dimensjoner | 6,5 × 6,5 × 8,5 cm |
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.