Honning er ei blanding uukkerartar, det er difor eit godt alternativ til andre søtningsmiddel. Honningen inneheld lite vatn, Norske birøktarar har som mål at honning ikkje skal innehalde så mykje som 18 % fukt. Men helst mindre. Det som skjer ved høg fukt i honningen er at den byrjar gjera. Om denne prosessen vert ferdig på rett vis, så sit du med litt mjød.

Dersom du har ein open boks, eller den ikkje er skikkeleg lukka kan fukt bli trekt ut frå lufta kring og inn i honningen. Det å ha honningen i boksen du kjøpte den i, det kan vera smart. Det er og ein fordel om du passar på at lokket er skikkeleg lukka. Det er og tilrådd, at honning er lagra i glass, eller i det minste plastikk, sertifisert til matvarer. Ikkje godkjende plastflasker, og metallboksar kan gjera at honning oksyderer.

Temperatur lagring av honning

Den beste temperaturen, om du skal lagre honning er mellom 18-23 grader celsius. Difor kan det vera lurt å halde honningen borte frå solljos, eller andre kjelder til direkte varmeståling, som varme frå komfyren, omnar osv. Så inni eit skåp, spisskammers, eller anna stad, som ikkje vert utsett for skiftande temperatur kan vera bra. rom med serke luktar kan og vera bra for honningen. Honning har ein tendens til å dra til seg lukt og fukt frå lufta kring.

Om honing vert utsett for varme, kan det føra til endring i både fage, lukt og smak. Difor bør du unngå varmekjelder.

Maskot HusBia
Vår maskot

Kulde og honning

Om du set honning i kjøleskåpet, så krystalliserar den fortare. Farten på krystallisering kjem av ulike ting, mykje glykose i honningen fører til meir krystallisering, enn meir fruktose. Honning frå planter, som gir meir fruktose vert flytande. Planter som gir 1/3 i forhold, mellom glykose/fruktose kallar me for flytande honning.

All honning vil til slutt «sukra» seg, det vil seie få sukkerkrystallar i seg. Meir glykose, så gir det meir krystallar. Om honningen vert lagra på lågare temperatur enn 17 grader, så vil sukringsprosessen skje fortare.

Om du sit på eit lager med honning som har sukra seg, så kan du setje steikeomnen på 40 grader, og la honningen stå der i 6-10 timar. Større boks, tek lengre tid. Ver obs på ar honningen kan forandra smak i denne prosessen. Over 40 grader, så vil enkelte ensymer/bakteriar i honningen dø/forsvinna.

Røring av honning

Her i landet er det tradisjon, at honning vert rørt. i denne prosessen vert honning provosert til å sukra seg, og deretter rørt, for å gi ein kremaktig, mjuk honning. Fordelen med dette er at honningen, om den sukrar seg, så vil sukkerkrystallane vera små, og ofte ikkje merkbare.

Frysing av honning

Frysing skal brukast i naudstilfeller, men om du sit med store mengder honning, som du ikkje får lagt på boks, så kan dette vera ei løysing av problemet.

Ved frysing, så sukrar ikkje honning seg. Temperaturen er for låg til det. Men det er nyttig å hugse at behandling av honningen er mykje vanskelegare i frossen form.